Godt dyrestell gir best lønnsemd

23.oktober, 2014

blogg

I vinter og vår har prisnivået på skinn og lønnsemda i minkproduksjonen sunket med 40 prosent sett i forhold til fjorårets toppresultat. Årets siste auksjon i september avslutta veldig positivt ved at prisnivået igjen steig.

DSCN1909For å sikre god lønnsemd i framtida er det viktig å ha fokus på godt dyrestell og gode avlsdyr. Det er berre på den måten du som pelsdyrbonde kan møte framtida.

 

Dei siste åra har lønnsemda i minkproduksjonen steget for kvart år, og i fjor «toppa» ein lønnsemda ved å oppnå så gode skinnprisar som næringa ikkje hadde sett på 30 år. Allereie på årets første auksjon merka ein ei markant endring i etterspurnaden etter skinn og dalande skinnprisar. Ei korrigering i marknaden var også naudsynt med dei store råvarekostandane som skinnoppkjøparane pådrog seg i fjor. Difor er det nå gledeleg å sjå at marknaden på årets siste auksjonar igjen viser positive signal og prisnivået er igjen stigande. Fjorårets gjennomsnittspris for all norsk mink var 550 kroner. Nå oppnådde ein på siste auksjon i september 350 kroner i gjennomsnittspris. Sjølv om septemberauksjonen i utgangspunktet utbyr mykje skinn av lågare kvaliteter så er prisnivået på auksjonane etter sommaren høgare enn gjennomsnittsprisen for minkskinna siste 10 år. Den har vore på 340 kroner.

 

Fokus på gode livdyr

Norsk mink har dei siste 20 åra gått gjennom ein rivande utvikling. På 90-talet var ein typisk norsk mink middels stor, men grovhåra og hadde dårleg pelskvalitet. Eit godt stell og godt avlsarbeid, samt sterkt fokus på pelskvalitet har gjort norsk mink i dag til eit av verdas mest etterspurte pelsprodukt. I tillegg til dyktige og framtidsretta bønder så har denne utviklinga skote fart det siste 10 åra ved at det har vore ein betydelig import av nytt avlsmateriale frå Danmark. Dagens norske minkskinn er stor, korthåra og har svært god pelskvalitet. Ulempa med å ha sterkt fokus på nokre eigenskapar er at ein kan miste fokus på andre.

 

To viktige faktorar du må satse på framover for å auke lønnsemda.

  • Sterkare vektlegging på kvelperesultat
  • Auka merksemd rundt fôrkostnader pr produsert skinn

 

Invester i nye livdyr nå når prisen er låg

Ved dei fantastiske skinnprisane som var i fjor hadde alle minkbønder ei svært god inntekt. Nå er skinnprisen i snitt 40 % lågare enn i fjor, dette er ein stor utfordring spesielt for dei produsentane som har låge kvelperesultat og oppnår dei lågaste skinnprisane. For desse kjem ei korrigering i pelsmarknaden som ei gåvepakke. Nå er prisen på livdyr omtrent halvert siste år. Nå er det oktober, i november starter pelsinga. Kjøp inn nye livdyr og skift ut eigen besetning. Det er når skinnprisane er lågast, etterspurnaden og prisen på livdyr er lågast. Ta kontakt med Norges Pelsdyralslag så skal vi formidle kontakt vidare til produsentar som har gode og rimelige livdyr til sal.

 

Fokus på fruktbarheit og morseigenskapar

Det er ein kjennsgjerning at sterk fokus på ein eigenskap vil fram elske denne. Eit godt døme er avlsarbeidet på sau. I mange år blei fruktbarheit vektlagt med 40 % i sauekontrollen, dei siste åra er denne berre vektlagt med 6 %. Fordi det blir fødd i dag nok lam. For pelsdyrnæringa har det vore dei siste åra stort fokus på pelskvalitet og storleik. Dette har gjort at kva enkelt produsent har prioritert desse eigenskapane framføre fruktbarheit og morseigenskapar. Over tid har ein nå sett at kvelperesultatet har gått noko ned. Det er nok fleire årsaker til dette, men det er nå viktig å auke fokus på denne eigenskapen. Nå før pelsing bør ein gå gjennom heile minkgarden nøye. Velg berre ut livdyr frå mødrer som har mjølke godt og har fått fram fine store kull. Pels alle dyr frå små kull og kull der det har vore «klatt». Eigenskapar som du må vektlegge er rolige og tillitsfulle dyr. Dei veks best, dei er lettast å handtere og dei viser lite aggresjon.

 

Reduser fôrutgiftene  

For mange dyreslag er det gjort eit stort avlsarbeid på fôrutnytting. Spesielt på gris og fiskeoppdrett er det gjort mykje, og det går anno 2014 mykje mindre fôr for å få fram 1 kg grisekjøtt kontra 40 år tilbake.

For mink er det ikkje gjort noko. Når vi veit at 70 prosent av dei variable kostnadene for minkbøndene er fôrkostnader, er det underleg at ikkje bøndene har hatt fokus på desse kostnadene.

I dag finnes det teknologi og individuelle fôringsprogram for mink. I Danmark er dette testa ut, og forsøk viser at du kan spare i løpet av kort tid 10 % av fôringsutgiftene. Ein middels minkgard på 1 000 tisper har fôringskostnader på om lag 760 000 kr pr år med ein fôrpris på kr. 3,10. Ein reduksjon i fôrkostnadene på 75 000 kroner er svært bra.

Fordelen med individuell fôring er også at det er eit enormt godt verktøy for å få overblikk over minkgarden og helsesituasjonen i anlegget. Vert dyr sjuke er som oftast første tegn at dyra løyver fôrrasjonen sin. I tillegg kan avløysaren fôre dyra i minkgarden ein dag du er borte, og avløysaren vil fôre ut på kiloet det same som du hadde gjort. I slutten av året vil du som produsent kunne skrive ut ei rangert liste over alle bur i minkgarden. Legg vekt på dyr som har gode oktobervekter på lågaste fôrforbruk.

 

 

Føresetnader
og kostnader pr tispe
Middels bonde Betre bonde
God skinnpris
God bonde
God skinnpris
Godt kvelperesultat
Den beste bonden
God skinnpris
Godt kvelperesultat Reduserte fôrutgifter
KvelperesultatAntall pr tispe 5 5 5,5 5,5
SkinnprisKr pr skinn 340 kr 374 kr 374 kr 374 kr
FôrprisKr pr kg 3,10 kr 3,10 kr 3,10 kr 3,10 kr
Lønnsemd 1000 tisper        
Skinninntekt 1700 000 kr 1870 000 kr 2057 000 kr 2057 000 kr
Fôrkostnader 760 000 kr 760 000 kr 806 000 kr 728 000 kr
Salsomkostningar 40 000 kr 40 000 kr 44 000 kr 44 000 kr
Pelsingskostnader 165 000 kr 165 000 kr 182 000 kr 182 000 kr
Stø 15 000 kr 15 000 kr 15 000 kr 15 000 kr
Diverse, veterinær 25 000 kr 25 000 kr 25 000 kr 25 000 kr
Dekningsbidrag 695 000 kr 865 000 kr 985 000 kr 1062 000 kr

 

Tabellen syner korleis lønnsemda målt i dekningsbidrag kan varierer på eit middels norsk gardsbruk med 1 000 minktisper. Den dyktige bonden kan hente ut ei ekstra lønnsinntekt på eigen dyktigheit.

 

Gjer grep i år

Det er sikkert mange bønder som har det vanskeleg med å innrømme at dei har fleire forbetringsområder. Men alle bønder kan gjennom sin eigen salsorganisasjon sjå korleis dei ligg i forhold til gjennomsnittet. Eksempelvis får sauebønder sine ROS analyser frå Nortura, minkbøndene får også sine salsrapportar.

Tabellen syner vi kva resultat ein medels produsent kan oppnå ved å auke skinnprisen med 10 % eller kvelperesultatet med ein halv kvelp. Klarer ein ved bevist val også å redusere fôrkostnadane vil alle desse faktorane  gi heile 360 000 kroner meir i lønnsemd.