God mink gjev auka lønnsemd

10.juni, 2010

blogg

26 land i verden produserer i dag minkskinn. Noreg har i dag, saman med Danmark og Nord-Amerika, verdens beste mink. Stor og livskraftig mink med rett kvalitet er etterspurt og blir i dagens marknad svært godt betalt. Minkbønder som ikkje følgjer med i denne utviklinga blir hengande etter og taper betydelege inntekter. Denne artikkelen syner at det er god butikk å skifte ut eigne livdyr ved å kjøpe inn nytt avlsmateriale.

Minkproduksjon står på mange måtar i ein særstilling i norsk landbruk i dag. Der tradisjonelt landbruk produserer produkt for eit skjerma norsk marknad og fryktar reduserte tollmurar, har minkbøndene produsert for verdsmarknaden i over 100 år. Det er på mange måtar eit eventyr at minkskinn produsert av bønder i høgkostlandet Noreg konkurrerer side om side med Kina. Norsk mink er meir livskraftig, føder fleire ungar, er større og har vesentleg betre kvalitet enn kinesisk mink. Sjølv kostnadene til å produsere fôr er like stor i Kina som i Noreg. Dette gjer at sjølv med vårt lands høge lønnskostnader så er vi ikkje redd “den gule fare” som Kina har fått stempel som, av di vi er så mykje betre på alle andre områder.

Ei rivande utvikling
Norsk mink har dei siste 15-20 åra gått gjennom ein rivande utvikling. På 90-talet var ein  typisk norsk mink stor, men grovhåra og hadde dårleg pelskvalitet. Eit svært godt avlsarbeid samt sterkt fokus på pelskvalitet har gjort norsk mink i dag til eit av verdas mest etterspurte pelsprodukt. I tillegg til dyktige og framtidsretta bønder så har denne utviklinga skote fart ved at det har vore ein betydelig import av nytt avlsmateriale frå Danmark. Dagens norske minkskinn er korthåra, tynn i læret og har svært god pelskvalitet. Sjølv om dagens mink ikkje er like tung som den gamle norske minken så blir sluttproduktet gjerne større. Eit godt døme er resultatet frå eit skinnsorteringskurs som underteikna var på for nokre år tilbake. Då veide vi to mink, ein gamal norsk minktype var 4,5 kg og ein ny norsk mink, med svært god hårkvalitet var 3,2 kg. Etter pelsing var det den lettaste minken som gav det største skinnet. Eit tynt lær gir stor elastisitet, og når skinnet har god hårkvalitet kan det strekkas meir, utan at det går ut over kvaliteten på sluttproduktet.

Nye produsentar har gode resultat
Mange nye bønder har dei siste åra starta med minkproduksjon for å auke inntektsgrunnlaget på eigen gard. Norges Pelsdyralslag har hjelpt desse ved å lage driftsplan for dei. I ein slik prosess for å estimere framtidige inntekter må ein sette fram nokre føresetnadar. Ein av desse er framtidig skinnpris. Vi har gjort det slik at vi har sett 5 eller 10 år tilbake og funnet medels skinnpris for desse åra. Denne har variert etter konjunkturane i marknaden og vi har slått fast at det vil den sikkert gjere også i framtida. Nye bønder får dermed ein driftsplan som føresetter at dei blir ein middels produsent, der dei produserer skinn av medels pris og medels storleik. Her har Norges Pelsdyralslag tatt feil i nesten alle driftsplanar. Nye bønder som satsar gjer det betre enn forventa. Det er sjølvsagt svært hyggelig, og ingen kan dermed ta oss for at næringa har vore for optimistiske. Nye produsentar gjer det enkelt og greitt betre enn ein gjennomsnittleg produsent av di dei er dyktige og satsar seriøst og har kjøpt inn gode avlsdyr.

Variasjon gir inntektstap
Oppnår du eit medels resultat fortel det oss at halvparten av produsentane gjer det dårlegare enn deg og halvparten gjer det betre enn deg. Er du av den defensive typen kan du slå deg til ro med at du slår halvparten. Er du av den offensive typen slår du deg ikkje til ro, fordi halvparten av produsentane gjer det betre enn deg. Går vi inn og ser nærare på tala så oppnår dei alle beste produsentane 20-25 % høgare skinnpris enn gjennomsnittet. Årsaka til dette er at dei beste produsentane produserer større og betre skinn. Denne differansen i lønnsemd skyldas aleine prisen skinnet oppnår på auksjon. I tillegg er kvelpesesultatet ein viktig faktor som ikkje vi har fokusert på i denne artikkelen. For dei som gjer det best på kvelperesultat ligg også gjerne 20 % over gjennomsnittet for landet.

Oppsummering for sesongen 2010/11 oppnådde norske minkskinn ein pris på 367 kr. Norge selde om lag 600 000 minkskinn til ein verdi av 220 millionar kroner. Hadde dei dårligaste forbetra sitt resultat, er det fullt mogleg å auke gjennomsnittleg skinnprisen med 10 %. Dette ville i året som gjekk ha utgjort 22 millionar i auka inntekt på landsplan.

Kjøp inn ny besetning
I fjor var det mange produsentar i Rogaland som kjøpte inn nye livdyr. Nokon skifta ut heile besetningen, andre berre delar av besetningen. Nokre kjøpte inn berre nye hanndyr. Målet for alle produsentane var å forbetre eiga lønnsemd. Erfaringane så langt er eintydige positive. Årsaken til at bønder skiftar ut eigne livdyr kan vere fleire. Ønskjer bonden sjølve gjennom avlsarbeid å foreta ein vesentleg forbetring av eigen produksjonen vil det ta lang tid. Er du ikkje svært flink vil du aldri ta igjen dei beste, men heile tida ligge den 50 lappen under i skinnpris. Andre innser at dei ikkje har vore flinke nok i avlsarbeidet og har sakta akterut. Andre igjen starta for 5-6 år sidan med medels besetning og har ikkje klart å nærma seg dei beste produsentane. Vår klare anbefaling er å skifte ut besetningen om du produserer minkskinn av medel kvalitet eller lågare. Dess dårligare produksjon du har dess større framgang vil du få.

Kva kostar gildet?
Livdyr har ein vesentleg høgare kostnad enn pelsingsdyr. Mange produsentar tek difor ikkje og fornyar avlsmaterialet sitt ut frå eit utsegn om at – det kostar meir enn det smakar-. Dei som trur det, tek feil. Ser ein på innkjøpskostnadene for nytt livdyrmateriell slik dei framstillast i tabell 1 og 2, virke dei avskrekkande. Det er det mange gjer, er vår oppfatning. Mange bønder drar slutningar utan å sjå kva resultat dette kan gi på botnlina (tabell 3)

Føresetnadar – Kostnader 2011/12 Prisar
Pris innkjøp livdyrhannar, inkl frakt 900 kr
Pris innkjøp livdyrtisper, inkl frakt 600 kr
Pris innkjøp ferdig para livdyr, inkl frakt 800 kr
Føresetnadar – Inntekter 2011/12
Pris skinnoppgjer eigne livdyr tisper 301 kr
Pris skinnoppgjer eigne livdyr hanner 476 kr
Pris skinnoppgjer hannar etter paring 361 kr
Kostnadar til pelsing 30 kr

Tabell 1: Prisane bygger på innhenta opplysningar for kommande sesong for kjøp av dei aller beste livdyra frå norske eller danske produsentar. På inntektsida føreset vi at minkprodusentane får dei same prisane som ein fekk i år. I tabellen føresett vi at innkjøpte livdyrhannar blir pelsa etter paringa. Dei aller beste av desse hannane bør ikkje pelsast men seljast vidare for å utnytte den gode avlsstamma. Dette er ikkje tatt høgde for i dette døme

Merknader Inntekter Utgifter
Pelsing av eigne tisper (1000 stk) 271 000 kr
Pelsing av eigne hannar (200 stk) 89 200 kr
Innkjøp av 1000 nye tisper 600 000 kr
Innkjøp av 200 nye hannar 180 000 kr
Pelsing av hannar etter pelsing 66 200 kr
Alternativ innkjøp para tisper 800 000 kr
Sparte fôrutgifter ved kjøp av para dyr 53 000 kr
Samla utgifter upara livdyr 354 000 kr
ALTERNATIVT: Utgifter til para livdyr 387 000 kr

Tabell 2: Sluttoppgjeret syner her at det kostar deg 354 000 kr å kjøpe inn nye upara livdyr i desember. Eit anna alternativ er å kjøpe inn ferdig para livdyr i april 2012, då står anlegget tomt frå midten av desember til midten av april. Dette kostar 387 000 kr. Prisane bygger på føresetnadane i tabell 1.

Vil livdyrutskifting vere lønsamt?

Få bønder vågar å stå fram og seie at dei produserer dårlege sluttprodukt. Men dei fleste bønder kan gjennom sin eigen salsorganisasjon sjå korleis dei ligg i forhold til gjennomsnittet. Eksempelvis får sauebønder sine ROS analyser frå Nortura, minkbøndene får sine sals rapportar. I tabell 3 syner vi kva resultat ein medels produsent kan oppnå ved å kjøpe inn dei beste livdyra med dei beste genetiske eigenskapane. Sjølv om dei beste gjerne ligg 20 % over gjennomsnittet i skinnpris har vi ikkje forventa at dei same livdyra kan oppnå dei same resultata hjå ein ny produsent. Ein del av forklaringa kan også ligge i røkt og stell og gode fôringsrutinar. Men at ein kan oppnå halvparten av resultatet må vere eit realistisk mål.

Føresetnadar/merknadar Eksisterande avlsdyr Innkjøpte nye avlsdyr
Antal minktisper 1000 stk 1000 stk
Skinnpris (medel siste 5 år) 278 kr 305 kr
Kvelperesultat 5,2 5,2
Fôrpris 2,35 kr 2,35 kr
Salsinntekter 1 445 000 kr 1 586 000 kr
Fôrutgifter 590 000 kr 590 000 kr
Sals- og pelsskinnavgifter 56 000 kr 57 000 kr
Pelsingskostnader 156 000 kr 156 000 kr
Diverse (strø, veterinær) 40 000 kr 40 000 kr
Dekningsbidrag 603 000 kr 743 000 kr
Differanse + 140 000 kr

Tabell 3. Føresetnadar er ein medel produsent skiftar ut eigne livdyr og kjøpar inn ny besetning frå topp leverandør. Dette aukar skinnprisen pr levert skinn med 10 %.

Ein tankevekkjar
Våre berekningar syner at utskifting av heile besetningen og innkjøp av heilt nytt avlsmateriale gir ein utruleg stor avkastning av innskoten kapital. Føresetnadene krevjar at du set deg inn i seljarens historikk og at han eller ho oppnår ein vesentleg betre skinnpris enn deg. Ei slik investering har betalt seg sjølv i løpet av 3 år. Ein annen klar føresetnad for å gjere slike investeringar er at du heile tida forbetrar eigne kunnskapar slik du kan bevare og forbetre den nye besetningen din gjennom eige avlsarbeid.  Ein stor fordel ved å produsere gode og etterspurte skinn ser vi ikkje så godt i dag, fordi alle tener pengar ved dei fantastiske skinnprisane som no er. Men når morgondagane kjem og konjunkturane igjen svingar kraftig nedover vil dei som produserer dei beste skinna fortsatt tene gode pengar mens dei dårligaste produsentane vil tape pengar. Lykke til